Vinje
Lenker:
Angravli Hyttegrend
Austbø Hotel
FC Transportservice as
Gerd Svalastog
Groven Camping
Haukeli hytter og hus
Haukelifjell og Vågslid
Haukelifjell Skisenter AS
Haukeliseter Fjellstue
Haukelitunet
Haukelivegen
Mjonøy
Myllargutvegen
Neset Telemark
Rauland Turist
Raulandsakademiet
Telemarksmagasinet
Tinn Sparebank
Vierli
Vinje kommune
Vinje er den største kommunen i Telemark fylke med eit areal på 3117 km2. Det er ein typisk fjellkommune der 80 prosent av arealet ligg over 800 meter over havet. Vinje ligg i det nordvestre hjørnet av Telemark. Vinje kommune grensar mot Aust-Agder, Rogaland og Hordaland i sør og vest og mot Buskerud i nord. I aust grensar Vinje mot telemarkskommunane Tinn, Seljord og Tokke.

Vinje kommune har store friluftsområde, med Hardangervidda som det største og kanskje mest kjende. Stamveg E134 over Haukelifjell frå Drammen til Haugesund gjer at Hardangervidda er eit av dei lettast tilgjengelege høgfjellsområda i Noreg. Her kan du rusle turar på merkte stiar, ride på hest, fiske i klare fjellvatn, jakte på småvilt og vere med på mange spanande aktivitetar for store og små.

I vintersesongen kan Rauland og Haukeli by på fantastiske skiopplevingar både for liten og stor, anten det er i alpinbakken, ute i dei mange mila med preparerte langrennsløyper eller kanskje i Noregs største kjelketrekksenter på Vierli.

Vinje kommune er også kjend for sine mange forfattarar, kunstnarar og musikarar. Dersom du reiser ein tur «Vinje rundt», kan du sjå innom dei mange musea og bygdetuna som formidlar denne kulturarven som me er så stolte av. Me har eit rikt tilbod av overnattingsstader, handelsverksemder, serviceverksemder og andre tenester som gjer ferien din til ei komplett oppleving. Kontakt gjerne turistkontora dersom du treng idear til bilturar og aktivitetar, eller dersom du vil bestille overnatting og opplevingar. Me håpar at du finn det du leitar etter, og me vil gjerne sjå deg att snart! Nærare informasjon Vinje kommune: Tlf. 35 06 23 00, faks 35 06 23 01 E-post: postmottak@vinje.kommune.no www.vinje.kommune.no Rauland Turistkontor Tlf. 35 06 26 30, faks 35 06 26 31 E-post: info@rauland.org.

www.rauland.org Haukeli Turistinformasjon Tlf. 35 07 03 67