Seljord
Lenker:
Flatdal Handlaft
Garvikstrondi camping
Haukeliekspressen
Nordigard Bjørge Gjestegard
Nutheim Gjestgiveri
Seljord camping
Seljord Varmeservice
Seljord Varmeservice as
Seljordportalen
Sparebanken DIN
Telnessanden camping
TreKrona AS
Uppigard Natadal
Tettstad, bygder og grendelag ligg vakkert til og er rike på natur og kultur, frå lågland til høgland, frå gamal kulturarv til samtidskunst.

Seljord har eit livleg og velutbygd handelssentrum som dekkjer dei fleste bransjer, og ikkje minst skjer det mykje på Dyrskuplassen med m.a. musikkfestivalar, marknader, stemne og leirar heile året rundt Seljordsvatnet gøymer meir enn nokon veit og sjøormen er levande for eldre så vel som yngre, og slett ikkje berre i avisspaltene.

I Norge er det heilt uvanleg at hus og tun er samla i ein landsby, og det som på folkemunne blir kalla "bygdi" i Flatdal, er ein av svært få autentiske norske landsbyar. Her er 10-12 gardar, litt ettersom korleis ein reknar, samla i ein tett huskrull medan jorda som høyrer til gardane ligg spreidd utover den nesten 3.000 dekar store flata utover mot Flatsjå.

Liknande tunskipnad finn ein få andre stader i landet. Grunnen til denne busetnaden heng saman med flaumane som ofte har lagt heile flatbygda under vatn. Jorda til gardsbruka ligg såleis i teigar utover mot Flatsjø. I Landsbyen ligg Myklestoga med ei unik samling av gamalt innbu og lausøyre. Frå Kongehella ved E134 ovom Nutheim kan ein nyte den flotte utsikten over Flatdal.

Dei gamle urterike slåtteengene i Svartdal gjer området særleg viktig og verd å ta vare på. I slåtteengfloraen finn ein truleg noko av landet sine mest individrike førekomstar av orkideen søstermarihand, Dactylorhiza sambucina.

Søstermarihand er fylkesblomen i Telemark.

Utifrå desse kvalitetane er kulturlandskapet i Svartdal ein unik representant for det historiske kulturlandskapet med både kulturminneverdiar og store naturverdiar. På bakgrunn av den botaniske artsrikdomen og strukturane i landskapet vart Svartdal difor saman med Hjartdalsbygda nominert til UNESCOS internasjonale kulturlandskappris i 2003.

Seljord turistinformasjon: Møtestad Seljord AS, Granvin kulturhus 3840 SELJORD Tlf. 35 06 59 88 www.seljordportalen.no info@seljordportalen.no