Hjartdal
Lenker:
Hjartdal kommune
Joker
Prestodden utvikling
TELEBYGG Bratsberg & Mæland as
Telegardar
Hjartdal – fjellbygdkommunen på austlandet Hjartdal er ein fjell- og landbrukskommune med spreidd busetnad. I kommunen satsast det stort på turisme og hyttebygging, men du finn samstundes mange idylliske stader, med solsvidde hus frå middelalderen plassert i særprega kulturlandskap. Kommunen er sett saman av dei tre bygdene Sauland, Hjartdal og Tuddal: Hjartdal ligg lengst mot vest, typisk er det vakre landskapet med småskalalandbruket, gamle bygningar, steingjerder, verdfull kultur-mark og gamle ferdselsårer. Bygda vart i 2003 nominert til den prestisjetunge UNESCO internasjonale kulturlandskapspris. Her kan du finne opplevingstilbod knytt til lokal kultur og tradisjon som er god næring både for gane og hjerne, kropp og sjel.

Sauland er kommunesenter med bank, post, bensinstasjon, politi og helsekontor. Her ligg også naturperla Omnesfossen. Ved fossen ligg også den gamle industribygningen ”Heddal Mølle”. Her er også ein flott badeplass med naturlege vass-sklier.

Frå Sauland kan ein velje å reise til Tuddal via ”Fjellvegen over Gaustatoppen” – høgaste punkt 1260 m.o.h. Tuddal er bygda der det byggjast flest hytter, men i bygda er det også museum, fjellgardsferie, det over 100 år gamle Tuddal Høifjellshotell, to campingplassar, kro, friluftsliv og fiske. I tillegg kan du frå Tuddal kome til Bondal med sitt særskild verdfulle kulturlandskap og gardsmuseum.

Langs ”Fjellvegen”, ved kafeen og parkerings-plassen på Stavsro i retning mot Rjukan, ligg stien til Gaustatoppen (1883 m.o.h.). Frå toppen har du i klart vær utsyn over ein sjettedel av Noreg.

Informasjon: Hjartdal turist- og bygdesentral tlf. 35 02 48 68 Tuddal Bygdetun tlf. 47 91 58 55 26 www.hjartdal.kommune.no