Notodden
Lenker:
Eek Transport
Heddal Bygdetun
Møbelmann1 as
Notodden camping
Notodden Hotel
Notodden kommune
Telemarksgalleriet
Tinnoset Bygg og Laft
Tinnoset sag AS
Tuvensenteret
Notodden – byen med gnisten Notodden ligg sentralt i Telemark. Rundt byen er det gode mogleghetar for friluftsliv. Byen ligg innmed Heddalsvatnet, som er ein del av Telemarkskanalen. Notodden kommune fekk bystatus i 1913, og har røter attende som ein typisk industriby og det var her at industrieventyret Norsk Hydro byrja og som gav grunnlaget for ein rask vekst.

Attraksjonar Byen hyser fleire galleri, mellom anna Telemarksgalleriet med vekslande utstillingar. Notodden er Norsk Hydros vogge og i Bedriftshistorisk samling er utstilt gjenstandar frå denne pionertida.

Notodden kyrkjepark er litt av ei perle i byen. Her finn du beplanting med element frå renesanse, barokk og landskapsstil. Av utsmykking kan nemnast ein skulptur av Anne Grimdalen, og fleire minneplater.

Heddal stavkyrkje er den største mellomalders stavkyrkja i landet, med sine tre tårn og 64 takflater. Kyrkja er vigd til Jomfru Maria, vart truleg reist på 1250–talet i Håkon Håkonsons blømande regjeringstid. Like ved største stavkyrkja i Noreg ligg Heddal bygdetun høgt og ope mot bygda, med 16 bygningar frå mellomalderen til 1930. ”Rambergstugo” reknast som den viktigaste, ikkje minst p.g.a. folkekunstnaren Olav Hansson si rosemålte uppstugu frå 1784. Husmannsplassen ”Hola” er ein rekonstruksjon som syner den andre sida av det fattige 1800-talssamfunnet. Anne Bamle (1884-1972) gjenskape kvinnebunaden for distriktet. Denne bunaden har blitt særs populær i store delar av landet. Utstilling rundt temaet finnast i Rambergstugo.

Fyrileivstugo frå 1930 er den siste stugo som blei flytta til museumsområdet, noko som skjedde i 1989. Den er rikt dekorert med rosemåling og treskjering av den lokale kunstnaren Olav Fyrileiv. Den siste tilveksten til Heddal bygdetun er Vegvokterhytta frå Reskjemheia mellom Heddal og Bø. Den står no like ved den gamle ferdslevegen gjennom Heddal. Vegvokterhytta representerar nyare, lokal samferdslesoge.

Turistinformasjonen i Notodden Tlf. 35 01 50 00 www.notodden.kommune.no www.heddalbygdetun.no hnm@heddalbygdetun.no Tlf. 350 20840 – 416 22 664 Utleige 905 16 479