Drammen
Lenker:
Drammen kommune
Allsidige Drammen Drammen er ein vakker by, med praktfullt terreng på båe sider av byens «hovudgate» Drammenselva, - ei av dei få hovudgatene i nokon by der du kan fiske laks. I Drammen kan du velgje mellom det pulserande bylivet, eller vandringar langs den vakre elva, og du er berre fem minutt unna eit unikt turterreng som du kan nå på fleire måtar, mellom anna via den verdskjende Spiraltunnelen.

Kunst, kultur, herregardar og museumsvandringar, kan gje deg mange spanande opplevingar.

Langs Drammenselva er det laga idylliske turvegar som blir svært mykje bruka. Åssidens elvepark er eit turmål for sundagsvandrarar.

Her fins det koselege sitjegrupper.

og rikeleg høve til å stikke stortåa i vatnet. På Brakerøya er det laga ein fleire kilometer lang fjordpark. Det reine, friske vatnet i Drammenselva gjer at badelivet florerar som i gamle, gode dagar. Og for deg som måtte vera fiskeinteressert, kan me nemne at Drammenselva faktisk er ei av landets beste lakseelver, - med mogeleghet til å få sjøørret og fleire andre fiskeslag - om laksen skulle svikte.

Du har vel høyrt gjete Spiralen, fjelltunnelen som går i spiral i seks slyng opp i Bragernesåsen. Tunnelen er 1650 meter lang, og når du kjem på toppen, har du eit fantastisk panoramautsyn over Drammen by, Drammensfjorden og områda rundt. På toppen ligg Drammens Museums friluftsavdeling med 22 gamle bygningar.

Området på Spiraltoppen har parkeringsplass for 200 bilar, du finn kafeteria, kiosk, toalett og rastekrakkar plassert rundt i terrenget, Vil du vite meir ta kontakt med Servicetorget tlf. 03008.