Øvre Eiker
Lenker:
Hokksund Camping
Visit Eiker
Fagre Eiker, Herman Wildenveys rike Turen vidare på Haukeliveien går langs Drammenselva og her kan ein gle seg over vakre gardar med åkrer og enger, kransa av store skogområde og høge utsiktspunkt, her er du i Herman Wildenveys heimtrakter, barndomsheimen Portåsen ligg i Mjøndalen.

Dette er sentrale områder med mange tettstader, som Skotselv, Darbu, Vestfossen og tettstaden Hokksund. Eikerbygdene har ei rik historie, her er gravhauger, oldtidsfunn, bygdeborger – og Fiskum gamle kyrkje – for å nemne noko. Nøstetangen Museum og Nøstetangen Glass er beliggende i den gamle Sorenskrivergården i Hokksund. Kan hende er Fossheim Herregård i Vestfossen den største attraksjonen i dag.

I kulturhovedstaden Vestfossen, finner man i tillegg også Vestfossen Kunstlaboratorium, samt Shoddyhuset med mange spennende kunstnere. Gulden Kunstverk på Steinberg, har kanskje Buskeruds største og fineste utvalg av god norsk samtidskunst.

For deg som likar aktiv ferie kan nemnast badeliv, båtutleige, seglsport og åpen gard med mange slags dyr. Det er tur- og sykkelstigar i naturskjønne område, og mogeleg å fiske i meir enn 100 skogstjern.

Men endå ein gong – det mest attraktive fritidstilbodet til mange er nok laksefisket i Drammenselva, der det blir teke kring ti tonn laks i året.

For dei som ynskjer det, er det høve til å ta ein guida elvesafari med M/S Drammen på Drammenselva fram til Hokksund, samt M/S Eikern som traffikerer et av Norges vakreste kulturlandskap.

Øvre Eiker Turistinformasjon Sorenskrivergården, 3300 Hokksund Tlf. + 47 32 70 11 95 E-post: post@visiteiker.no Internett: www.visiteiker.no