Suldal
Lenker:
Ryfylke Fjordhotel AS
Ryfylke Fjordhotell
Suldal Turistkontor
Suldal er den største kommunen i Rogaland, og har om lag 4000 innbyggjarar. I kommunesenteret Sand finn du Suldal Turistkontor, og eit godt handels- og servicetilbud. Suldal har eit stort utval av attraksjonar, aktivitetar, overnattings- og serveringsstader for ein kvar smak heile året.

Blant attraksjonane i Suldal finn du Laksestudio, Suldalsdampen, Blåsjø, strandstaden Jelsa og Ryfylkemuseet. Sistnevnte har fleire anlegg rundt omkring i kommunen. Suldal er rik på flott natur, og her finn ein turstiar for både korte og lange turar – både i låglandet og i høgfjellet. For den som er glad i å fiske er Suldal eit eldorado. Her har ein mulegheit til å fiske i både sjø, elv og ferskvatn.

I tillegg kan Suldal by på monge friske aktivitetar, mellom anna laksesafari og elveekspedisjon. I laksesafarien kler ein seg i overlevingsdrakt, og flyt nedover elva.

Elveekspedisjonen er ein spannande flåteferd ned Suldalslågen.

Suldal Reiselivslag og Turistkontor N- 4230 Sand Tlf. 52 79 05 60 Fax 52 79 05 61 E-post: post@suldal-turistkontor.no www.suldal-turistkontor.no