Sauda
Lenker:
Sauda
Byen Sauda ligg inst i Saudafjorden og har i underkant av 5000 innbyggjarar og ei arealmessig utstrekning på 514 km2. Sauda er først og fremst kjend som ein vasskraft- og industrikommune, og kommunen er handels-, skule- og servicesenter i Indre Ryfylke.

Sauda er eit samfunn med kontrastar, der ein finn både storindustri og eit topp moderne samfunn, men òg velstelte gardsbruk med gamle, tradisjonelle hus og idyll ved fjorden.

Staden byr på gode høve til jakt og fiske i elvar og innsjøar. Dessutan finn ein flotte fossefall og høgfjell med mange nutar på 1500 meter over havet.

Sentralt i bymiljøet er gatene, som er oppvarma og snøfrie i vinterhalvåret. Kommunen har ei konsentrert sentrumsutbygging og gode og godt tilrettelagde bumiljø som ligg nær sentrum. Eit anna unikt gode er den korte avstanden til flotte naturområde.

Sauda har moderne idrettsanlegg som eignar seg til alle former for trening, turneringar og konkurransar, som til dømes Saudahallen, fotballbanane (både grus og gras), motorcrossbane og skytebaneanlegg. Om vinteren er det Sauda Skisenter som peiker seg ut – det best utbygde alpinanlegget i fylket, med eit godt tilbod til både alpinistar, snowboardarar og telemarkskøyrarar. Elles er det lysløyper for skigåing både rett utanfor sentrum og i Slettedalen. Om sommaren er det merkte løyper i alle dalføre. Sauda er dermed eit godt utgangspunkt for rike friluftsopplevingar i tilknyting til fjell og fjord – både vinter og sommar.

På få år har næringslivet vore gjennom ei omstilling, og det framstår i dag med moderne industripark, ei aktiv reiselivsnæring og ei rekkje produksjons- og serviceverksemder.

Ryfylkevegen, rv. 13 og rv. 520, kjem om få år til å få status som nasjonal turistveg.

Sauda Ferie & Fritid / Turistinformasjon: Tlf. 52 78 42 00