Kvinnherad
Lenker:
Folgefonn FerieGard
Kvinnherad kommune
Rosendal Fjordhotel
Villa Rosendal
Frå fjord til fonn i Kvinnherad Kvinnherad ligg ved innløpet til Hardangerfjorden – som med sine 18 mil er den nest lengste fjorden i Noreg. Hardangerfjorden vert ofte kalla «Dronninga blant dei norske fjordane». Mellom fjord og fjell finn de kulturattraksjonar som Baroniet Rosendal og Halsnøy Kloster, sommarrevy, museer og moderne handelssentra. Gå i fjellet, opplev spektakulære fossefall eller prøv brevandring i Folgefonna nasjonalpark! I skjergarden ligg det godt til rette for fjordfiske, bading, hytteog båtferie. Det er gjestehamner i alle delar av kommunen.

Kortaste avstand mellom Bergen/Oslo og Grenlandsområdet er no via Folgefonntunnelen.

I januar 2008 vert tunnelen som bind Halsnøy saman med resten av Kvinnherad opna. Kvinnherad er den 5. største kommunen i Hordaland. Totalt areal er på 1.137 km2 og innbyggjartalet er vel 13.000.

Områda Rosendal og Mauranger er kjende for å ha noko av det vakraste fjordlandskapet ein finn i Hardanger; tronge fjordar, ville fossestryk og ikkje minst Folgefonna – landets tredje største isbre. I mai 2005 vart Folgefonna nasjonalpark etablert – samstundes opna Folgefonna Nasjonalparksenter i Rosendal.

Utstillingar, biletspel og film viser deg det unike landskapet frå fjord til fonn, gir deg innblikk i geologien og plante- og dyrelivet på Folgefonnhalvøya og inspirerar deg til turar og friluftsliv. Den nyaste attraksjonen i Rosendal er Steinparken der ein på små stiar kan vandra rundt og sjå ulike steinsortar henta frå heile nasjonalparkområdet. Vongssaga – eit restaurert sagbruk – ligg også ved inngangen til Steinparken.

Baroniet Rosendal – det einaste av sitt slag i Noreg – er kommunen sin største turistattraksjon.

Baroniet er eit museum som kastar lys over ein viktig periode i historia – unionstida med Danmark. I Rosendal ligg også kommuneadministrasjonen og fleire statlege etatar.

Turistinformasjon Tlf. 53 48 42 80 www.kvinnherad.kommune.no E-post: turistinfo@kvinnherad.kommune.no