Tinn
Lenker:
Blefjell Camping
Bodal
Gabo Eiendomsformidling
Gaustablikk
Gaustatunet
Langefonn
Park Hotell
Rjukanbadet
Sandviken Camping
Soria Moria Fjellgrend
Tinnoset sag
Tinnsjø Kro
I november 1992 opna den nye vegen langs Tinnsjøen, frå Gransherad til Mæl i Tinn kommune. Vegen er 35 km lang, og delar av Tinnsjøvegen går gjennom tunnel. Den lengste er Prestura på 1370 meter. Reiseliv er eit av dei viktigaste satsingsområda i Tinn kommune, noko som òg set krav til god kommunikasjon.

Delar av Tinnsjøvegen går gjennom flott natur som kan minne om vestlandsk landskap, med bratte fjellskråningar og den 50 km lange Tinnsjøen som buktar seg innover i landskapet. Omlandet gjer Tinnsjøvegen til ei verkeleg oppleving! På rasteplassen ved Rudsgrend er det sett opp ein minnestein over dei som omkom då ”D/F Hydro” blei sprengd under andre verdskrigen.

Etter kvart kjem ein til små grender med hus som ligg ved kanten av Tinnsjøen, med flott utsikt og vakker natur. Ved Mæl stasjon ligg ”D/F Ammonia” og 200 meter lenger framme Tinnsjø Kro og Camping. Her kan ein leige dresinar og sykle på Rjukanbanen.

Fjellvegen over Gaustatoppen

Fjellvegen over Gaustatoppen er namnet på opplevingsvegen mellom Sauland og Rjukan.

Fjellvegen er eit alternativ for den som vil oppleve vakker natur, tradisjonar og eit fantastisk naturlandskap. I Tuddal kan du oppleve den ekte kulturen i kulturverkstaden til Knut Buen. Tek du ein avstikkar frå Tuddal sentrum mot Bondal, kan du oppleve eit kulturlandskap med gardsbruk frå mellomalderen.

Tuddal Høyfjellshotell stod ferdig i 1895 i karakteristisk sveitsarstil.

Vegen går vidare til det høgaste punktet, Flistjønnskaret på 1260 meter over havet – eit av dei høgaste fjellpassa i Nord-Europa.

Ved Stavsro er det merkt løype opp til Gaustatoppen. Her er det òg ei informasjonstavle, og om sommaren er kafeen open.

Fotturen opp til Gaustatoppen tek om lag to timar. Inne i sjølve Gaustatoppen ligg Gaustabanen. Banen kan samanliknast med Fløybanen i Bergen og er 1030 meter lang, med ei stiging på 39 grader. Banen er tilgjengeleg for publikum visse dagar i året.

Etter ca. 2 km kjem ein til vegkrysset som går bort til gaustaområdet. Her går det føre seg ei storstilt utbygging av hytter og leilegheiter.

På Gaustablikk skisenter er det full aktivitet om vinteren. Etter mange svingar kjem ein ned i dalen ved Dale kyrkje, som blei bygd i 1775. Kyrkja er bygd på gamle tufter etter ei stavkyrkje som er nemnd første gong så tidleg som i 1401.