Bø-Sauherad-Nome kom
Lenker:
Bø – eit regionalt senter i hjarta av Telemark Bø er kjent for avslappande feriestemning, gode opplevingar, frisk luft og høg puls! Test ut turar i høgfjellsterrenget på Lifjell, rusleturar langs Bøelva og nybaka steinovnsbrød på Bø Museum, surfing i Bø Sommarland – eller sommarkino og shopping i Bøgata! Bø Sommarland er Telemarks største turistattraksjon – og mange andre aktivitetar i området er også lagt til rette for familiar med barn. Med rotfeste i solide Telemarkstradisjonar satsar kommunen friskt på eit moderne kulturliv og gode oppvekstvilkår. Bø er eit knutepunkt med Sørlandsbanen og hyppige ekspressbussruter mellom Oslo og aust-/vestlandet.

Bø kommune – tlf 35 06 04 00 www.bo.kommune.no Sauherad – fruktkommunen i Telemark Sauherad skil seg ut i Telemark ved at det her er 5 små tettstader i staden for eit stort bygdesentrum; Gvarv, Hørte, Akkerhaugen, Nordagutu og Hjuksebø ligg flott til i det opne og vakre kulturlandskapet med vatn, badeplassar og båtliv. Jord- og skogbrukskommunen Sauherad satsar stort på frukt- og bærdyrking, og i mai månad blir bygda omskapt til ein blomstrande frukthage. Norsjø skaper eit lunt klima i området, og her er ein livleg båttrafikk med samband frå Akkerhaugen til Notodden, Skien, Ulefoss og Dalen. Kultur-kommunen Sauherad er ein tradisjonsberar av folkemusikk og gamle kunst- og handverks-tradisjonar.

Sauherad kommune – tlf 35 95 70 00 www.sauherad.kommune.no Kanalkommunen Nome Nome kommune har to tettstader – Lunde og Ulefoss. For turistar er Nome mest kjent som kanalkommunen, da den beste strekninga på Telemarkskanalen ligg i kommunen. Det er seks sluseanlegg i Nome, blant anna Vrangfoss sluse med heile 6 slusekamre. Det går ei nasjonale sykkelrute (rute 2) gjennom Nome som følgjer Telemarkskanalen. Syklar får du leigd på Telemark Kanalcamping ved Lunde sluse, her er det også kanoutleige og Kanaltun med hestar. Du kan gå tur, fiske og bade i Nome, eller ta eit slag golf på Norsjø golfpark.

Nome kommunen har lange industritradisjonar særleg gjennom Ulefos Jernværk. På turistinformasjonen ved Ulefoss sluse er det ei jernog kanalutstilling. Arbeiderboligane til Jernværket er i dag gjort om til eit levande kunstog handverkstun. Like ved ligg Ulefos Hovedgaard frå 1870 som reknast for å vera Napoleontidas arkitektoniske hovudverk i Norge.

Nome kommune – tlf 35 94 62 00 www.nome.kommune.no Turistkontoret for Bø, Nome & Sauherad (ope heile året) Tlf 35 06 02 00 Nome Turistinformasjon (ope på sommaren) Tlf. 35 94 35 08