Bykle
Lenker:
Bykle kommune
Hovden
Hovden Fjellstoge
Hovden Resort
Hovden Sport
www.Hovden rResort
Kommunen har 902 innbyggjarar og ein finn det høgste punktet i Bykle på Sæbyggjenuten på 1507 moh. Vassdraget Otra renn gjennom kommunen, og i over 100 år har ein nytta vasskrafta frå Otra og bielvar, og fleire enorme magasin er bygd. I Bykle ligg Vatnedalsdammen på 4,3 millionar kubikkmeter.

Du kan køyre eller gå, heilt fram til toppen av dammen! Det har vore fast busetnad i Bykle i over 1500 år, og jakt og fiske var sentralt for å overleve.

Heilt opp til 1950 var det vanleg at ein mann fanga 500 ryper på ein vinter ved hjelp av snarer. Hovden var eit sentrum for jernutvinning i vikingtida og tidleg middelalder.

På Hovden Jernvinnemuseum fortel Vikingen deg korleis dette var! I heile kommunen er det for øvrig gratis inngang i alle musea: Lislestog, Bykle kyrkje og Hovden Jernvinnemuseum.

Alt er ope frå kl 11-17 kvar dag, heile sommaren.

Turismen på Hovden er godt over 100 år gamal og Hovdehytta som var den første turisthytta, blei åpna i 1911. Alpin- og turisteventyret starta med eit lite skitrekk på midten av 60-talet og i 1968 vart det bygd stolheis opp til toppen av Nos 1120 m.o.h.

Fra vinteren 2008 utvidar Skisenteret med heilt nye heiser og trasèar i Breive. På 40 år har Hovden bygd seg opp og stadfestar posisjonen som det største og viktigaste fjellreisemålet, sør for Hardangervidda. I dag er det opp mot 20.000 menneske på Hovden i påska, noko som gjer Hovden til den 3. største ”byen” på Agder i periodar.

Fotturar, sykling, fiske, stolheis – her hos oss kan du vere aktiv eller berre late deg. Fjellvatna held dessutan gode badetemperaturer, og vil du ha det enda varmare, anbefaler vi Hovden Badeland med 30 grader i både uteog innebasseng. Heile året! Hugs også golfkøllene – golfbanen på Ørnefjell, 9 hol, er Noregs nest høgste bane og til no, den einaste med kunstige greenar.

Kontaktar du Turistinformasjon/ HovdenFerie/Hovden Booking på tlf. 37 93 93 70 eller går inn på www.hovden.com Bykle kommune ynskjer deg god sommar! www.bykle.kommune.no Tlf. 37 93 85 00