Lenker:


Sparebanken Din
Av Alv Straumstøyl.

Året er 1968. Gjennom mørke tunnelopningar flyt ein todelt, durande straum av bilar, hastande mot aust eller vest. Det går strykande etter den breie, asfaltlagde vegen, som likt eit mørkt band svingar seg oppetter bratte stigningar, smøyer seg rundt åsar, nabbar og kollar og retter seg ut etter lange, lett duvande flotter og leite. På godt sommarføre treng du ikkje eingong ein time frå Røldal til Haukeligrend. Det treng du heller ikkje på godt vinterføre.

For året 1968 var det tidsskiftet då årstidene ikkje lenger stengde for sambandet aust-vest over Haukelifjell. Lange tunnelar gjennom verutsette strók sikra overfarten.

Den gamle ferdslevegen, postvegen og riksvegen - Haukelivegen - hadde endeleg vorte heilårsveg og “internasjonalisert” som europaveg.

Men kva hadde gått føre seg på denne leia føreåt, ja, det er ei lang soge, fleire hundre år lang - - -.

Ved joletider 1155 er eit fylgje på veg vestetter (“nord um fjall”) over Haukelifjellet.

Det er lendmannen Gregorius Dagsson som skal til Etne for å søkje vern hjå Erling Skakke. Rundt 40 år seinare møter me den unge jarlesonen Sigurd Erlingsson (Skakke) på røming austover etter same ruta. I dørkarmen på den gamle Vinje Stavkyrkje har han rita inn ein runebodskap som fortel at kong Sverre er etter han.

Desse to namngjevne, historiske personane får vera representantar for alle dei vegfarande som til fots, eller til hest, har kryssa fjellet mellom Telemark og Røldal, for så lang tid attende at me ikkje har skrivne kjelder om det. Men i ættesoger og stevdikt glimtar det til med minne frå farne tider.

Det er drygt over Haukelifjellet, i gamal tid rekna til ein lang dagsmars frå Haukeligrend til Røldal. Det hende at ferdafolk måtte finne seg høvelege stader til overnatting.

I fyrstninga måtte dei greie seg med hellerar og oppmura steinbuer, men Pilgrimar, ja. Dei var ikkje ein uvesentleg del av ferdafolket over fjellet. Røldal kyrkje er truleg bygd i 1370-åra.

Litt seinare gav nokon eit krusifiks til kyrkja. Det hadde den eigenskapen at det “sveitta” kvar jonsoknatt og “sveittedropane” hadde ein lækjande verknad.

Kvar jonsoknatt i katolsk tid, ja seinare óg, vart det halde messe i kyrkja, og pilgrimane kom i flokkvis til staden frå ulike kantar.

Og det fortelst at mange var dei sjuke og uføre som etter å smurt seg med dropane frå krusifikset, fekk vende lækte heim att.

Pilgrimsferdene heldt fram lenge etter reformasjonen, men etter 1835 er det heilt slutt. Etter som ferdsla auka og hestekøyredoningane jamtover vart betre, bygde dei ut gamle ferdavegar til køyrebruk. Slik óg med Haukelivegen. Ja, ynsket om ein køyreveg over Haukelifjell hadde alt kome så tidleg som i 1704 då hoffassessor J.E.

Ernst sende søknad til Kongen om eit slikt tiltak for å fremje posttransporten mellom aust- og vestland.

Det gjekk likevel 150 år før dei kom igang med dette arbeidet. Mot midten av 1800- talet hadde dei gjort ferdig veglina Brunkeberg- Gugarden i Haukeli (1837-1843).

I 1866 starta vegarbeidet frå Gugarden og vestover. I 1876 var vegen ferdig innan Bratsberg amt (Telemark), dvs. til Ulevåbotn.

Derifrå heldt veglina fram gjennom Dyreskard (høgste punktet på vegen 1148 m.o.h.), vidare ned til Røldal og Håra, så over Seljestadfjellet til Odda. I 1889 var vegen over Haukelifjell ferdig. Vegbreidda var jamtover 2,5 meter.

Dyrskard, eldste tunellen i landet Det visa seg fort at vegen frå aust opp mot Dyrskard hadde problem med snø og snøras og alt i1891 vart det bevilga kr. 14 700.- til ein kort tunnel. Dette arbeidet starta opp med ein gong og tunellen var ferdig i 1900.

Denne tunellen og ein på vegen i Brattlandsdalen var dei fyrste i landet, men no er tunellen i Dyreskard den eldste for tunellen i Bratlandsdalen vart øydelagt i samband med vegutbetring. Problema var ikkje ferdig med dette. Etter at vegen vart lagd i tunell, fekk ein problem med at store steinblokkar rasa ut i vegen på nedsida der tunellen kjem ut i dagen. Alle var einige om at her kunne ikkje vegen ligge, og ny veg vart vedteken bygd på andre sida av dalen. Stortinget løyvde pengane og i 1919 stod den 2100 m lange vegstubben ferdig, som det hadde teke 5 år å bygge. Det vart ein brattare veg men no var ein sikrare for ras.

Dei fleste av dei som fer over Haukelifjell idag tenker ikkje mykje på den historiske utviklinga av vegen over Haukelifjell. For dei som interesserar seg for slikt er Dyreskard verd ein stopp. Om du kjem frå aust eller vest, ikkje køyr inn i Haukelitunellen, men køyr gamlevegen fram mot toppen av Dyrskard. Gjeng du gamlevegen austetter forbi den freda gamle vegbrakka, kjem du til den gamle tunellen og då ser du under deg dei to nyare vegane vegane, både E134 som ligg i betongtunnel og vegen som vart ombygd i 1919.

Det er sjølvsagt ei ulempe at vegen var stengd om vinteren. Vertilhøva i høgfjellet gjorde det umogleg å halde vegen open, ja, somme år kunne han berre nyttast i vel 4 månader. Store snømengder og skavlar, særleg i Dyreskard førte til eit umenneskeleg slit for vegarbeiderane som somme år, så seint som i juli-leite, måtte grave tunnelar for å sleppe fram trafikken. Ein heilårsveg ville føre med seg ei rekkje fordelar for det sørnorske samfunnet, ikkje minst på det næringspolitiske og samfunnsøkonomiske området.

Den omfattande utbygginga av Tokkevassdraget i desse åra gjorde ein heilårsveg endå meir nødvendig, og hausten 1959 starta arbeidet, fyrst i Telemark fylke.

Planen var å byggje vegen ferdig i 3 etappar, byggjesteg, på til saman 9 år: 1. byggjesteg - alle tunnelanlegga med vegar (5år); 2. byggjesteg - ventilasjons- og ljosanlegga i tunnelane (2år), og 3. byggjesteg - utbetring og omlegging av den vegen som heile tida har vore open om vinteren (2år). For å finansiere dette prosjektet måtte ein satse på løyvingar over statsbudsjettet og innkrevjing av bompengar. Prosjektet Heilårsveg over Haukeli strekte seg frå Grungebru i Telemark til Seljestad i Hordaland, ein strekning på omlag 91 km.

For å greie snømengdene har dei tildels lagt vegen høgt i terrenget slik at snøen blæs av, og dels i tunnel. Til saman er det rundt 14 200 meter tunnelar. Det høgste punktet ligg på 1086 meter, på Haukelifjell, og utanom tunnelane ligg heile 15 km av vegen i ei høgd på meir enn 1000 meter over havet.

Heilårsvegen over Haukeli vart offisielt opna av statsråd Håkon Kyllingmark den 7. september 1968. Resultatet etter 9 års arbeid vart ein veg med høg standard.

I 1968 fekk Riksveg 10 mellom Drammen og Haugesund gjennom Kongsberg, Notodden, Haukeli og Skarsmo status som europaveg, E-76 og seinare E-134. I samband med dette opprykket i status er heile den nemde vegstrekninga vorte lansert under namnet “Haukelivegen”. Eit slikt eintydig omgrep har ut frå propagandaomsyn ein god del å seia for reiselivsarbeidet, for marknadsføringa av det området vegstrekninga dekkjer i turistsamanheng.

Og at vegen vert mykje nytta, ja, det syner trafikkutviklinga som visar ein auke frå 138016 bilar i 1969 til 280596 i 1987 og vidare 368610 i 1992 og i 2000 hadde det auka til 406202 bilar over Haukelifjell.

Og det er ingen grunn til å tru at ikkje auken held fram i tida som kjem: Stadig fleire får augo opp for den rike variasjonen i naturopplevingar frå fjord til fjell, gjennom alle årstidene.

Etter å ha fått eit historisk tilbakeblikk om Haukelivegen, startar me vår tids ferd mot vest i Drammen. Me tek for oss kommunane etter som dei ligg geografisk langs E-134 til Haugesund og prøvar å gje deg litt informasjon på vegen. For dei som har trong for meir informasjon vil turistinformasjonane kunne hjelpe.