Tysvær
Lenker:
Tysvær kommune
Tysvær kommune er sentralt plassert på Haugalandet og grensar mot kommunane Haugesund, Karmøy, Bokn, Sveio og Vindafjord. Kommunesenteret Aksdal ligg berre 13 km søraust for Haugesund. Aksdal er eit sentralt kommunikasjonsknutepunkt som bind heilårsvegen E134 over Haukeli til Oslo saman med E39, kyststamvegen mellom Stavanger og Bergen.

Tysvær kommune er kjend for sin flotte og vekslande natur. Mange fjordar riv opp landskapet og formar ei kystlinje på heile 220 km. Frå Aksdal, som det ligg føre omfattande utviklingsplanar for, med nytt regionalt kjøpe-senter, handverkssenter og attraktive bustad- område, er det om lag 15 min køyretid til Haugesund. Tysvær er ein vekstkommune med ei særs ung befolkning og med eit godt og desentralisert skule- og barnehagetilbod.

I Tysvær kan ein leva eit aktivt liv både som turist og fastbuande. Mange campingsplassar ved fjordane inviterer til fiske og båtliv. I kultur-huset Tysværtunet i Aksdal er det 30 grader i badeanlegget uansett ver ute. Her kan ein også besøkja utstillinga ”Reisen til Amerika”, kommunen si flotte steinsamling eller biblioteket. Arquebus Krigshistorisk Museum i Førres-fjorden er eit av dei flottaste krigsmusea i Europa. Nedstrand Bygdemuseum har fleire avdelingar i idylliske Nedstrand, og på vegen dit med bil passerer ein også Skjoldastraumen med dei einaste saltvasslusene i landet som framleis er i drift. Ved slusa vil ein også sjå statua av romani-musikaren Petter Strømsing som truleg er far til folkevisa ”Per Spelemann” (statua vert avduka under slusedagen 20. juni 2009).

Det skrinne jordsmonnet i den ytre delen av kommunen var ein av grunnane til at den store utvandringa starta frå Tysvær, med Cleng Peerson, som reiste til Amerika og fann nytt land. Det same landskapet inspirerte og trollbatt ein av våre største kunstmålarar, Lars Hertervig. Kunstmålaren vart fødd på Borgøy, den einaste øya med fastbuande i Tysvær.

Tysvær Turistinformasjon Rådhuset i Aksdal Tlf. 52 75 70 00 E-post: turistinfo@tysver.kommune.no www.tysver.kommune.no