Vindafjord
Lenker:
Berge Sag
Hustvedt og Skeie A/S
Vindafjord kommune
Vindafjord kommune – vital og sentral Vindafjord kommune og Ølen kommune slo seg saman til Vindafjord kommune frå 01.01.2006. Den nye kommunen har 9 bygder Ølen, Ølensvåg, Bjoa, Vikebygd, Skjold, Vats, Sandeid, Vikedal og Imsland.

Ølen er den sentrale tettstaden I kommunen med om lag 1450 innbyggjarar. Her er kommunesenteret og kommuneadministrasjonen.

Her er Ølen vidaregåande skule, idrettshall, symjehall og landets største privateigde slakteri, Fatland Slakteri.

Ølensvåg er senteret for industri og entreprenørskap i kommunen. Fleire av dei største arbeidsplassane i kommunen er her.

Bjoa, er kulturbygda i kommunen, med rike mine frå fortida. Her kan nemnast Steinslandssåta- ei bygdeborg på Innbjoa og Kulturstien med helleristningar frå elder bronsealder ved Hovlandsstø på Utbjoa.

Vikebygd – ligg idyllisk til ved Ålfjorden.

Plassabakeriet – eit bakerimuseum med alle serveringsrettar er ein fin stad å stoppa for eit måltid, og treng du overnatting så er Bjordalstun staden.Skjold er ein av dei folkerikaste bygdene i kommunen. Skjold kyrkje ere it praktbygg, som i tillegg til kyrkjelege handlingar, vert mykje nytta til kulturverksemnd, konsertar og kunstutstillingar.

Vats er frå gamalt av delt i to bygder. På Knapphus I Øvre Vats, er der eit lite sentrum, med fleire ulike slags verksemnder. I Nedre Vats ligg kyrkja og Vindafjordhallen, som inneheld festlokale/serveringslokale og symjehall.Sandeid har dei vanlege handelsog servicebedriftene, men også handverks/ elektro-og produksjonsbedrifter.

Vikedal er på mange måtar lik Sandeid.

Turistnæringa har spela ei viktig rolle oppigjennom tida, og nær sentrum ligg 3 campingplassar.Imsland er den minste av bygdene i Vindafjord. Imslandssjøen er ei perle, som har nok av den best bevarte eldre trehus-arkitekturen I kommunen Vindafjord kommune, tlf 53 65 65 65 postmottak@vindafjord.kommune.no www. vindafjord.kommune.no