Bokn
Lenker:
Namnet Bokn meiner ein tyder seglingsmerke. Den karakteristiske fjelltoppen på Vestre Bokn har vore lett å kjenne att og å kunne orientere seg etter på sjøen. Skipsleia nord-sør går gjenom Boknasundet. Her ligg framleis restar etter store gravrøyser frå bronsealderen og minner om at Bokn i alle tider har vore ein sentral stad langs kysten. Med utgangspunkt i Bokn vil ein kunne ta dagsturar til Stavanger, Haugesund og inn i Boknafjorden.

Hjort finst i store mengder, og er lett å få auga på i kveldinga eller tidlege morgontimar. Langs kysten er det gode fiskeplassar, og inne i landet kan du finne mange fine fiskevatn med aure og ål. Det er båtar å få leigd om du vil ut på sjøen for å fiske, og kanoar kan leigast for ferdsel og fiske i to vatn. Boknafjellet med sine 294 meter over havet, er kommunens høgaste utsiktspunkt. Herifrå kan du på klare dagar sjå til Bjerkreim i sør til Hardangerfjella i nord.