Etne
Lenker:
Etne kommune
Spekehuset
Åkrafjorden oppleving
Åkrafjordtunet
Etne er som reiselivskommune særs variert og spanande. Her finn Du friluftstilbod frå fjord til fjell, fiske i elver og vatn og eit mangfaldig kulturlandskap med mengder av kulturminne.

Geografisk sett er kommunen tredelt: Mot aust ligg Åkrafjorden med storslagen natur og mektige Langfoss, Norges 5. høgaste foss med 612 m fallhøgde. I vest finn vi ferjestaden Skånevik, «Sunnhordlands perle», med båtliv og sørlandsidyll. I sør brer jordbruksbygda Etne seg utover med sitt historiske landskap.

Etneelva, ei av Vestlandet sine beste lakseelvar, buktar seg ned frå Stordalen, eit vakkert dalføre full av kulturhistorie, m.a. fleire hellerisningar.

Ved Etnesjøen ligg bygdemuseet Sæbøtunet, og i bygda elles finn vi fleire historiske kyrkjer, bygdeborgar og gravfelt. På Stødle var der kongesæte sist på 1100-talet, då Erling Skakke og sonen Magnus styrte landet.

Friluftsliv i Etne kan opplevast i alle utgåver; frå tilrettelagde badeplassar og turområde til urørte fjellvidder. På nordsida av Åkrafjorden finn vi dramatisk villmark av første klasse; pluss den veglause grenda Eikemo, der geitehald er viktigaste inntektskjelde. Folgefonna nasjonalpark har sin sørspiss ved Åkrafjorden, og 113 km2 av parkens totalareal på 545 km2 ligg i Etne. I Etnefjella er der T-merka løypenett og turisthytter frå Olalia i vest til Seljestad i aust, med over 40 gode fiskevatn på vegen.

Over fjellet mellom Etne og Skånevik går ein bit den gamle postvegen Stavanger–Bergen. I Rullestadjuvet ligg ein annan postveg, snart ferdig restaurert. Herifrå kan Du ta avstikkaren opp til dei særmerkte jettegrytene.

Rundt i heile kommunen byr fjordane på varierte opplevingar og gode fiskeplassar. Du kan leige båt og kajakk fleire stader, også på Stordalsvatnet. På fjorden er Taraldsøy på Skånevikstranda eller Romsaøyane i Vindafjord fine turmål. På Osnes ved Etne kan Du raste eller gå natursti på det tilrettelagte området til Olav Vik-stiftelsen.

Etne Turistinformasjon, Tlf. 53 77 14 40 www.etne.kommune.no