Odda
Lenker:
Brødr.Kråkevik AS
Hardanger Hotel
Hardangerfjord
Håradalen Hytteutleige AS
Håradalen Utvikling
Maage gardsbutikk
Røldal
Røldal Booking
Røldal camping
Røldal Hyttegrend & Camping
Røldal Skisenter
Skysstasjonen Kro & Hytter
Visitodda
Odda – mellom to nasjonalparkar Haukelivegen fører til Røldal, som er ein del av Odda, innfallsporten til Hardanger.

Vegen vidare går gjennom Oddadalen: ein fossanes dal med heile 6 fossar på kvar side av den trange vegen. Låtefossen er nok den mest kjende av desse. Byen Odda ligg inst i Hardangerfjorden, der fjell møter fjord.

Her er mogleghetar for rundturar: Leig kano eller sykkel på Odda camping og ta ein dagstur med guida brevandring til Buarbreen og Folgefonna, gå turistvegen til Folgefonna nasjonalpark eller ein tur til Skjeggedal med den særprega Trolltunga. Rundturen gjennom Folgefonn-tunnelen til Rosendal med båt til Bergen eller rundt Sørfjorden er ein fin tur.

I Tyssedal ligg Norsk Vasskraft- og Industristadmuseum.

Her kan du vera floge på veggen til den store industriutbygginga som fann stad for nøyaktig 100 år sidan. Odda har ei historie full av kraftfulle kontrastar: byen gjekk frå å vera eit av Norges mest besøkte reisemål på sliutten av 1800-taler til å vera eit pionerstad i vasskraft- og industrireising. Odda er i dag regionsenteret i Hardanger. Her kan de handlar det meste, og her er eit rikt utval kulturarrangement og opplevingar.

I sentrum av Odda kan du gå "Bikubegang" på eige hand eller med guide. Ruta er laga som ei vandring i Odda-forfattaren Frode Grytten univers. Med sin suksessromar Bikubesong har han sett Odda på kartet.

Turistinformasjonen i Odda Tlf. 53 65 40 05 turistkontor@odda.kommune.no www.visitodda.com Reisemål Hardanger Fjord, Tlf. 56 55 38 70 E-post: info@hardangerfjord.com www.hardangerfjord.com