Tokke
Lenker:
Dalen Hotel
Dalen Turistkontor
Gullsmed Vinjerui
Liehytter
Vest-Telemark Kraftlag
Vest-Telemark Rekneskapsservic
Vest-Telermark Museum as
Tokke – med eventyrhotell Tokke har utruleg mykje å by ferdafolk.

Kjem du E-134 tek du av i Høydalsmo. Du kjem snart til Eidsborg, der Eidsborg stavkyrkje og Vest-Telemark Museum ligg. I Eidsborg kan ein sjå restar av eit stort brynesteinsbrot, der det blei henta store mengder brynestein, som blei transportert til Skien, og derifrå skipa nedover i Europa.

Brynesteinen blei ikkje berre nytta som bryne, men òg som kastevåpen i krig. Til dømes bruka i slaget ved Fimreite.

Mange skarpe svingar vidare kjem du ned til Bandak, der eventyrhotellet Dalen Hotel ligg i øvre enden av Telemarkskanalen. Her på Dalen er det naturleg å stanse i kortare eller lengre tid. Du kan ta ein tur til Åmdals Verk gruver med rallarmuseum, og Grimdalstunet, der bilethoggaren Anne Grimdalen var fødd. I eit eige skulpturhus på garden er mange av Annes skulpturar stilt ut. Dalen Hotel er eit av landets best verna trehotell.

Det stod ferdig i 1894 og vart restaurert i 1994 Flott natur Tokke har mykje flott natur, som gjev deg rikeleg høve til friluftsliv. På Dalen kan du leige sykkel og sykle til Bandaksli brygge, der båtane Victoria eller Henrik Ibsen kan hente deg om du ikkje vil sykle båe vegar.

Frå gjestebrygga på Dalen – eller i Lårdal – kan du ta ein tur med ein av dei gamle kanalbåtane, eller eigen båt for den del, og reise heile Telemarkskanalen til endes – frå foten av Hardangervidda og heilt ut til havet.

Ein tur til naturfenomenet Ravnejuv kan gje deg ei spesiell oppleving. Her kjem du til eit 350 meter høgt stup mot Tokkeåi. Her heiter det seg at du kan kaste ut ein pengesetel – og den kjem opp att med luftstraumane.

Har du litt fiskedilla, så går det storaure i Bandak, -rett utafor brygga på Dalen om du vil prøve deg. Også elles i kommunen er det fiskerike vatn og vassdrag.

Dalen Turistkontor, 3880 Dalen Tlf. 35 07 70 65 E- post: info@visitdalen.com Internett: www.visitdalen.com