Sør-Noreg rundt over Haukeli

Eit unikt nasjonalt reiselivsprodukt

Sør-Noreg rundt over Haukeli har alt å tilby

Dei fem fylka Telemark, Hordaland, Rogaland, Aust- og Vest- Agder som utgjer denne regionen kan tilby dei reisande ein fullkomen Noregstur, med flatbygdene på austlandet, høgfjellet og fjordlandskap, med kystlandskap mot Jæren og vidare mot Sørlandet.

Mellom Haukelivegen og kysten er det mange dalføre som kan gje dei reisane mange flotte opplevingar. Det som er så bra med denne regionen, er at den kan opplevast fullt ut, kor dei reisande byrjar på turen. Denne Noregsturen kan gje dei reisande mange flotte naturopplevingar, men dei vil og møte mange interessante menneskje i bygdane og byane rundt om, som vil gje dei ei oppleving for livet. Nasjonale turistvegar Me snakkar her om den gamle vegen over Seljestadfjellet og Haukelifjell i tillegg til Telemarkskanalen.

Dette er eit Unikt nasjonalt reiselivsprodukt.

Telemarkskanalen og vegen over Haukelifjell vart ferdig samtidig ca 1898 og var den kortaste og beste vegen mellom aust- og vestland, og er framleis spesiell. Dette er eit unikt produkt for det er ikkje koko liknande i heile landet. Dette er eit satsningsomraåde. Kulturhistorie er viktig når ein skal samarbeide, og mange av desse områda/bygdene har ein felles kulturhistorie som skriv seg frå den tida det ikkje var køyrevegar, men vandrevegar tvers over fjell og mellom dalar. Eg vil tru at dette ligg som eit bakteppe og vil gjera det lettare å få til eit samarbeid no i den nyare tid. Som eit døme kan nemnast at det var lettare for øvre Vinje og øvre Setesdal å få tak i mat så som mjøl, korn og salt frå Hylen ( i Suldal kommune) enn å hente det i Kristiandsand/Skien. Slik var det på den tid Eg ser for meg at heile Sør-Noreg er eit reiselivsområde, å reise rundt her er ein fantastisk Noregstur, som har mykje å tilby. Ragnvald Christenson


Haukelivegen - Ragnvald Christenson - ragnv-c@online.no - 916 63 922